onsdag 29. oktober 2014

Lue til eige hovud

Endeleg ei lue som passer! God match med Camomillesjalet mitt, som er mest dagleg i bruk, og lett og varmande på hovudet. Mmmmm...


Eg har brukt rester frå garnet som eg nytta i sjalet, Lace frå Drops, ein tynn, tynn tråd, og gode to-tråds merino frå Nøstebarn.  Vrangbord, fram og attende, fram og attende, litt fell på slutten og sy saman. Lett som ein plett! Dei tynne radene med berre Lace, slik det er i sjalet, orka eg ikkje, det var eit strev å strikka dei, og eg tenkte at i ei lue ville det verte litt tynt. 



C-momentet kom så, lua vart jo særs keisam!! Ein blome. Det måtte vere noko. Eg som har lese "Hekling for venstrehendte" og tenkt at det var jo ikkje vanskeleg i det heile!
Fram med heklenåla, rundt og rundt, og spør meg ikkje kva dei ulike heklamaskene heiter, men jommen vart det ein fin liten blome! Stolt, ja!

 Min skogstur for å finne noko gyldent eg kunne ta med på bilete vart heilbom, i skogen var alle bladene falt av trærne, og låg brune og våte på bakken. Ikke eit blad att på ein kvist!

Men da bileta var tekne og lueeigaren nøgd, kom eg over denne flotte Kaprifol-resten i naboens hage. Syntes ikkje eg kunne henge opp lua mi i hagen deira, men eit bilete, det kunne eg ta i farten.

Så, det var det gule!

Pinne nr 4, mønster etter eige hovud, til eige hovud. No kan eg vere fin, til både kvardag og fest. 

onsdag 1. oktober 2014

Varmande nyttestrikk

Mens alle strikkere med ein viss sjølvrespekt dreg til Sørlandet på inspirerande strikketreff, dreg andre til IKEA. Ikkje like inspirerande, og ikkje så mykje å blogge om, sjølv om strikkinga var med. 

Uansett, Systro nytta høvet til å flashe den nye jakka si, som slett ikkje er strikka, men som er ei kul, ny dunjakke, nett slik som alle har no om dagen. Og eg har ikkje hatt slik kul jakke, fordi dei alle er for korte i  erma! 

 

Men no er den ikkje for kort meir!! Systro fann fram tynn Alpakka frå Sandnes i egna farge, la den dobbel, strikka gode mansjetter og sydde dei på. Lunt, varmt og godt - for kva er vel verre enn ei traumatisk kort-på-erma-jakke, alle komplekser for høgda mi manifesterer seg i desse korte erma. Men no tok eg innersvingen på dei!!!


Slik er nivået på mi strikking om dagen, ikkje så mykje å reise på treff med, men bruksvennleg og duganes, det er det!!