fredag 31. mai 2013

Skotsk strikkeinspirasjon

Mine foreldre har nettopp vore i Skottland. Mor mi har slik kjærleik til dette vakre, ville landet, der ho bl.a studerte som ung.

Eg bad freidig om ho ikkje kunne sjå etter noko garn til meg, eit nøste eller to, kanhende? Bygåve, liksom? Enkelte ting vert ein jo aldri vaksen på...

Eg hadde gløymt heile "bestillinga" mi, men det hadde ikkje mi oppmerksame, kjære mor!
Og då eg var på besøk på vestlandet no i pinsa, stod det ei heil korg med garn og bok og venta på meg!!!!


Tusen, tusen, tusen takk!!

Her låg det Rowan fine tweed, Rowan tweed og Rowan felted tweed, ein raus samling nøster i ulike farger. For ei gåve!!!

Boka heiter Scottish heritage knits, av Martin Storey og inneheld fargesprakande oppskrifter basert på tradisjonelle skotske strikkemønstre. Oppskriftane er alle til Rowan-garn, og her er både jakker, gensre og ulike tilbehør.


No kan eg boltre meg i ideer og fargekombo og  mix og match:

 Ein vest til ei lita jente, kanhende?











Eller ditto til bror?


Fargane er så vakre, og fargespettane i tweedgarnet gjer garnet mykje liv! Vest til far under her, tru?




















Er dei ikkje vakre?




















Pulsvarmere til ein svensk ven?

No sit eg berre og ser på fargane saman i ulike kombinasjoner, planlegg og tenkjer. Nesten den beste fasen av eit prosjekt!!

Gode forslag mottas!


God strikkehelg ønskes frå Systro!

torsdag 23. mai 2013

Vottar i mai..?

Min fine onkel Erik fylte 80 år i pinsen. Byen var Bergen og veret var godt, strålande sol, sumarvarme i rikt monn og vakkert, vakkert.

Vottar med mønster frå Gotland vart overrekt, makan til off-season-gåve!! Hadde det ennå regna og vore litt hustrig! Men, det kjem monge nye vintergleder for min onkel, som tok i mot gåva med stor takksemd.


 Eg hadde jo tenkt at dette vart den perfekte gåva til den som har alt, og snøen låg tungt då eg starta opp, men det å overrekkja vottar i mai...?

Så var det sagt, eg vart nøgd med vottane, i allefall!! Lette, tynne, men mønsterstrikk heile vegen gjer dei likeval  tjukke nok til å halde kuldegradane ute når den tid kjem.





















Fargen er diskert og passar til mykje, mønsteret var enkelt å strikka, kun mitt fargeval gav krav om godt strikkeljos, det ljosgrå melerte mot skifergrå melert gjekk stundom i eitt.

Fakta: Mønster frå "Gotländsk sticksöm" av Bergdahl/ Skoglund, ei oase av flotte, effektfulle mønstre frå Gotland.
Garnet er skifergrå Geilsk tynd uld, mønsterfargar er ljosgrå og retro ljosblå to-tråds merino frå Nøstebarn. Dette garnet er så godt å strikka med!!
Pinne 3, magic loop, funka fin fint!

 I Bergen var alle Rhododendron i ferd med å springa ut i full blomst. Vakrare kan det ikkje få blitt!!

onsdag 15. mai 2013

Sennepsgule pulsvarmere med blonde

Etter å ha strikka sjal til mi kjære mor i fjor sumar, har eg tenkt at eg skulle komplettere dei med ditto pulsvarmere. Tenke tenke. Lenge. Så smatt sjansen seg inn, og ein to tre, så var dei ferdige.


 Rask strikk på pinne 3, riller fram og attende, med ein blondekant mot handleddet.

 Blonden, som er same på sjalet og pulsvarmerne er frå boka Strik med Nordisk Tradisjon av Vibeke Lind.
Garnet er Nøstebarn totråds merino. Mmmm...

Og til den som lurer på kor eg fann snø i desse dagar, kan eg opplyse om at det var påskesnøen i  vakre Telemark, berre litt tregheit i blogginga.

søndag 12. mai 2013

Kvit som kvitveis Three Movie Sweater

Kvitveisen flommer og dekker marken med vakre, kvite tepper, men forutan det er det lite vår i lufta. Kaldt og vått, og heilt på sin plass med ein pusete genser i mjuk alpakka. 



































Bestillingen frå snart-tenåring var "same genser som deg, mamma", då ho såg mi ferdige Three Movie Sweater.

Lett som ein plett tenkte eg, den gjekk jo så raskt å strikke! Me for til garnbutikken før påske, plukka ut fjærlett Soft Alpakka frå Sandnes, og eg tenkte at eg kunne bruka same oppskrift med berre tynnere pinner.

Jada, oppstarten gjekk greit, opplegg, vrangbord, og så rundt og rundt og r u n d t .... Gjeeeesp!
Nye prosjekt veks raskt i hovudet når ein strikker tanketom strikk, og det verka så uendeleg langt frem til raglanfell og ermestrikk... To like gensre på rappen er ikkje noko for meg!

Men påska var lang og gav mykje tid for strikk, og eg var knallhard, ikkje finn fram det andre planlagte og særs fristande spitet før pusegenseren er ferdig!

Men eg kom i mål! Og genseren vart tatt i bruk umiddelbart, ja før eg rakk å festa på ein tagg, til og med.


Fakta:
Kvitveisfarga Soft Alpakka frå Sandnes
Pinne 6
Oppskrift Three Movie Sweater, uten stor krage, gratis oppskrift frå Handarbetaren .

Oppskrifta er med tjukkare garn og tjukkare pinner. Eg fulgte difor oppskrifta i antall masker rundt, og satsa på at det vart passe storleik til ei ung dame (Dame Small), med tynnare garn og pinne. Og det slo til, eg hadde jo modellen med meg på tur, og målte ermer og bol undervegs.

Garnforbruk: ukjend, eg hugser ikkje kor mange nøster eg kjøpte, men eg har to att... Og god vekt har eg ikkje, så beklager folkens!

Snart-tenåring er særs nøgd, genseren er fin og varm, mjuk og god, seier ho.

Og då er jo mor nøgd!
































God vår, måtte varmen også kome snart!!

fredag 3. mai 2013

Annis klar for fotoshot

Gråvèr og vind til tross, eldstejenta stilte gjerne opp på ein liten fotoshot for å vise fram Annis-sjalet.


Langt, smalt og mjukt, og i ljoset ute kom jommen nuppane også fram. Sjalet ligg som gratisoppskrift på Ravelry, og er lett å strikka, enkelt mønster på engelsk etter diagram, og svooosj, så var det ferdig. 
Det fell ikkje så langt nedover ryggen, men er langt nok til å draperast rundt halsen. 
Sjalet er lett, det gjekk berre med eitt drøyt nøste lyngfarga Geilsk Tynn uld (50 g). Neste på ønskelista er elektrisk vekt, for nøyaktig garnangivelse!

Fleire fakta: 
Pinne 4,5. Nuppane skulle eigentleg lagast med å auke sju masker i ei maske, for så å strikka desse saman att i neste omgang. Umogleg!! Eg laga ein eigen miks, la opp fem masker i ei, og på påføljande pinne (vranga) felte eg femte maske over fjerde, fjerde over tredje og så bortetter. det vart ganske passe nupp, tykte eg, men då sjalet var ferdig såg eg at dei vart best frå vranga....

Uansett, er er ganske nøgd, og er no i gang med matchy-batchy pulsvarmere..

God helg til alle!!



onsdag 1. mai 2013

It's a kind of magic...

Å strikke på fire pinner har eg alltid vore fortrolig med. Kjekt og greit og det veks fort og ein slepp å saume saman etterpå. Men så har eg hørt og lest mykje om denne Magic loop, og tenkt at det ser jo litt lettvint ut, og så slepp ein jo vide masker ved kvart pinneskift, og ein slepp å leite fortvilt etter den eine pinnen som har vorte borte....

Eg vart overbevist etter ein omgang!!

Det opplevast som at eg sit og flakser med vengene når eg strikkar, og loopane sprellar på kvar si side, men du verden så mykje enklare enn dei fire pinnene!!

Om de gransker bilete over ser de at også strikkefastheita gjeng ned, det vert jevnere og glattere. Og, eit ikkje så lite moment; klirringa forsvinn! Eg minnest forsøket på diskre 4-pinnestrikk under forelesningene på høgskulen - ja, pinnene klirra så høgt at det vart sak på klassemøtet, med vedtak om at strikk på rundpinne var greit, medan 4-pinnestrikkinga ikkje vart godkjend!

Neste utfordring må vere å strikke begge vottene på ein gong, spørsmålet mitt er då om eg må ha to garnnøster, eller om eg kan nytta innerste og ytterste tråd frå same nøste. Nokon erfaringer, nokon?

På pinnen er altså votter etter Gotlandsk strikketradisjon, moro strikk, men krev godt ljos!