tirsdag 24. april 2012

Barselsgåve til ein odelsgut

Endeleg fekk Dukkeba kome ut i ljoset att, for å vise fram klede som skal sendast til den nyfødde odelsguten i Telemark. Me gler oss med foreldra! Det er noko heilt spesielt når ein bur på ein gard, besteforeldra i kårboligen og så kjem det ungar i tunet att... Me hadde allstøtt så mykje moro når me var på ferie her i barndommen, og det er så utruleg kjekt at det kjem nye tider med ny barnelatter og leik mellom husa.

Frå nostalgi til fakta; eg har teke for meg Nøstebarnboka - den er utømmeleg!!! Så mange gode modellar, og lett å justere med mønster og fargar. Denne gongen vart det Mosters babystrømper, madam Møllers babysokkar, siklesmekke og lettstrikka babylue. Som redegjort for i forrige innlegg var det rikeleg med garnrestar fra Nøstebarn, og dermed var fargesamansetningen klar.

Alt er strikka på pinne 2,5 og i Merino to-tråds frå Nøstebarn. Madam Møllers babysokkar er i dobbel tråd, og på pinne 3,5.








Eg valde to rett-to vrang som kanting foran på lua, då sit lua betre inntil hovudet. Snorene har eg hekla, lang rad med luftmasker, og så fastmasker (?) tilbake. Hekling er ikkje mitt kompetanseområde, så å kunne namngje kva maskene heiter - sorry.
Strømpene er gode og lange, og sit godt på ein lubben barnefot, Dukkeba er litt stutt i beina.. Om eg har flaks passar lua og strømpane samstundes, ein gong til hausten.







Eg vart særs nøgd med fargane - og tykkjer dei passar godt til ein liten gut.

Siklesmekke har eg aldri laga før, men eg hadde ein kjøpt variant då jentene var i den alderen, og den var veldig nyttig. Smekka vart våt, men kleda under holdt seg tørre. Denne er etter oppskrifta, heilt nøyaktig, men eg tykkjer ho vart litt stor, til Dukkeba vart det reine ponchoen.




No er det vel ikkje før tennene kjem at siklinga tek til for alvor, så  då har nok smekke-mottagaren vorte betydelig større enn kva dukka her er.








Madam Møllers babysokkar var eit triveleg bekjentskap - dei var morosame og raske å strikke, og  med litt fleire omgonger på skaftet enn i oppskrifta tykkjer eg at dei vart ganske brukbare.



Så vert det jo opp til mottagaren då, å sjå om det funkar...

fredag 20. april 2012

Arbeidsteikning

Planlegging av små og store strikkeprosjekt er vel så moro som å gjennomføra, ja, ofte gjeng det treigt på oppløpsida når prosjektet nesten er ferdig strikka, om enn arbeidsteikningane er aldri så fine.

Før påske venta me ein liten slektning, jente eller gut var ikkje kjendt, men snart ventande, det var det. Systro planla og fann fram restegarn i gode fargar, og meinte at siklesmekke, strømpar, sokker og lue fra Nøstebarnboka måtte vere heilt perfekt gåve til den nye telemarkingen. Og dei treng jo ikkje vere einsfarga!!! Trauste, gode, klåre fargar kler jo både gut og jente! Striper er eg veldig glad i, enkelt å strikke og fin effekt. Stripene skal vere strikka i glattstrikk medan bunnfargen er rillestrikk.


Ungane hadde ikkje fargestiftar i heilt riktig kulør, men strømpane skal vere grå og lilla som jentegenseren, med ein orange rest frå babyteppet som ikkje finnst lengre, og rødt og grønt frå fjerne prosjekt.

Lua er Lettstrikka babylue, strømpene er Mosters babystrømper. Alt er nesten ferdig, berre litt montering att no...



Her er lua i prosess, ein nesten-godversdag på hytta, med Vetlo og Systro.