mandag 31. oktober 2011

Grasgrønne...

Eg har funne ut at det ikkje allstøtt er så lurt å blogge så mange ideer og tanker om prosjekt til påbegynning, fallhøgda vert litt større om det ikkje vert noko av det, når det er sagt offentleg..

Eg var så klar for å strikka ein vest til Bleiegutt, sjå berre her. Etter mange lange runder vart vesten/undertrøya prøvd på, og då var den for vid... Rekk opp, start på nytt. Denne gongen med færre masker og glattstrikka rygg for å spare nokre rette og vrange masker. Så vart den for lang, og feil fellt i ermehola, samstundes som eg var usikker på kva som ville verte finest i halsen, opning som i oppskrifta eller a la Nøstebarnundertrøye. Så vart eg lei, rett og slett, og rekte opp alt saman.

Resultatet var difor dette:
 


Deilige mjuke votter, i dobbel, grasgrønn alpakka. Oppskrift frå Marte Helgetun. Eg brukte 2 1/2 nøste à 50 gram til desse. Dei er store, mjuke og varme, perfekte til å trille på tur og halde i barnevogna med. 

Men eg meiner fortsatt at den vesten er ein av dei flottaste eg har sett, så om det skulle kome ein liten guttebaby hjå nokon kjende, så hiv eg meg kanhende på...

Og teppet til Bleiegutt, som vottene her kviler på, det strikka mor mi då gutten forsatt var i magen. 2-tråds merino frå Nøstebarn, oppskrift frå Dalebaby. Kjempelekkert, lunt og varmt, fortsatt i dagleg bruk.



onsdag 26. oktober 2011

Kornblanding - eller Granola som Vetlesystro seier

Her kjem eit litt ureglementert strikkeblogginnlegg - men mat må ein jo ha...

Ein av grunnene til at eg er så glad i å strikke, og i å nytte strikka klede og tilbehør, er at det gjer ein god kjensle  å fylje prosessen, og kjenne alle trinna i arbeidet. Det byrjar med ein ide, innkjøp av garn/dypdykk i arkivet, vurdering av farge, storleik, pinner - gjennomføring, der ein koser seg eller strever med mønster og masker, og så gleda til slutt over ferdig produkt. Evalueringa kjem gjerne både undervegs og etterpå, var det vellukka, passa det, lett/vanskeleg å strikke, og så bortetter.

Eg er i det heile tatt glad i ting som er heimelaga, og det er nok grunnen til at kornblandinga me et om morgonen (og til lunsj, og til kvelden) er laga på eige kjøkken. Eg har funne ei oppskrift som er lett å lage og god å ete, og som difor freister til gjentaking, faktisk på andre året no. Dette var mellom anna fjorårets jolegåve til mange venner og familie..

 

Samanblanding av 4-korn, nøtter, frø, litt sukker, olje og vatn, bakt i omnen i 25 min. gjer ein sprø og knasande effekt, perfekt med yoghurt, søt- eller surmjølk. Oppskrifta er ikkje mi, så  eg vil ikkje leggje den ut, men ta kontakt på epost om det frister!


Her er det blanda inn nokre tranebær også, etter at kornblandinga var ferdig i omnen.



Ein 500g pakke med 4-korn, samt nøtter, frø m.m vert akkurat passe til eit toliters Norgesglas, pluss ein god smaksporsjon i tillegg. 

Velbekome!


fredag 21. oktober 2011

Ullvøl

Tida er komen for å finne frem vinterkleda! Ein av dei kjekke tinga med å ha mange born er at klede kan gå i arv! Særleg klede som er heimestrikka eller anna ulltøy held seg fint, og har vore svært gledelig når tida er komen til at nestemann passer inn i det. Mange vene kjolar frå jentene er allereie gitt bort til mindre jente-slektninger, men alt som kan nyttast av gutane også ligg på loftlageret og venter på å få vere med på ny leik og moro.

Så også denne genseren, som allereie har rukket å vere yndlingsgenser til to - med litt vøling hist og her håper eg den kan vere klar for nye dager i barnehage, under parkdress og for å vere med på alt som Bleiegutt finn på.Korleis hola på skuldra har kome kan eg ikkje skjøna, eg har ikkje funne møll på noko anna på loftet?

Mystiske hol... men no kjem det snart ein slange...










Kreativiteten bobla plutseleg, kan hende det har med besøk av Vetlesystro å gjere?










 Bleiegutt er av typen som absolutt vil bestemme sjølv kva han skal ha på seg. Helst skal kleda ha noko typisk, slik som tog-buksa (ei slitt, gamal oransj bukse som var veldig skjønn, som fekk eit tekstiltrykk med tog på seg), helikopterbuksa (same, men med fly- og helikoptertrykk), Lynet McQueengenseren (genser fra loppis med Lynet på), eller Ole Brummbodyen. Litt lite utval for ein 2 1/2-åring, så no har eg kuppa han med ein heilt ny, gamal SLANGEGENSER (utheva med Caps Lock, i følgje avisa er det internasjonal Caps Lock -dag i dag).


Systro var svært så nøgd over resultatet, ein kjær, velbrukt nøstebarn-yndlingsgenser for to born er nå klar for nye sprell!

Den gjekk rett på  - og passer perfekt! Med ein maskulin slange gjer det ingenting om jumperen er i raudt og lyseraudt!

torsdag 20. oktober 2011

Vetlesystro er på besøk! Strikke, strikke, strikke! Ikkje at ho berre sit her i sofakroken og strikkar når ho er her, neida, ho fartar rundt og jobbar og er på møte og på macen og i telefonen og... men når ungane er i seng og te og kjeks og kanskje noko meir kjem på bordet ved sofaen, da klappar ho macen saman og finn frem pinner og garn. No har ho vorte introdusert for alle dei flotte bloggene deres, og har oppretta egen konto på Ravelry, og ho synte stor begeistring for all strikkegleda og -kunnskapen der ute.


Sjølv sit eg med runde på runde med grasgrøn vest som aldri vert ferdig, til gutt str 3 år,må den jo vere mykje lenger enn eg først trudde.




Men Vetlesystro, ho har skjønt det. Tjukt, mjukt ullgarn frå den lokale garnbutikken hennar, og pinner storleik 8. Minst. Så mens min grasgrøne veks ein cm på ein kveld, strikker ho ferdig eit plagg. Mine 3,5 pinner vert plutseleg synålar.

 Dette vart ein deilig hals, gåve til 4.klassingen som nett fylte 9 år..










...og som vart strålande nøgd med den nye halsen! Den har ikkje vore av etter at den vart pakka opp!

torsdag 13. oktober 2011

Marius live!

Takk for hyggelege kommentarer!
No var endeleg jenta heimom litt, og klar for  nokre bilete i hagen med ny-genseren på.































Det er så vakkert ute, med klart, kaldt haustver! Perfekt for ein nystrikka Marius!!!










Og ein liten halvtime ved pianoet - her heime lytter me meir enn gjerne til ein Menuett av Bach!










onsdag 12. oktober 2011

Marius, værsågod!

Etter at eg begynte på Marius til 11-åringen, har eg sett Marius overalt. På små, store, som strømper, puter, blå, kvite og sist i dag morges ein gul med beige mønster, og raud kant. Så moro! Marius er tydelegvis i vinden igjen!


Å få bilete med jenta inni har ikkje vore mogleg, så her er berre ein kort presentasjon av genseren, Marius med rund sal:







Garnet er Sandnes alpakka, oppskrift Sandnesgarn, klassikere, hefte nr 15, Marius med rund sal. Garnet var nydeleg å strikke med, og holdt akkurat, berre 4 m igjen av hovedfargen. I oppskrifta er det perlestrikk nederst på bol og erme, samt i halsen, men det kan eg berre ikkje like. Difor vart det vridd rett og tre vrange, noko eg vart rett nøgd med. I halsen felte eg etterkvart til ein vridd rett og to vrange, noko som vart ganske pent.

Jenta ber genseren stolt på skulen i dag, både ho og eg er svært nøgde med fargevalet, og Systro gler seg til å ta fleire bilete og stolt vise frem .




mandag 10. oktober 2011

Haustferie!

Me har hatt ein utruleg flott ferieuke!


Eg er jo ikkje tilhenger av reklame, eigentleg, men nokon gonger må ein jo berre fortelje kor ein har vore! Norefjell Quality Spa og Resort - det vart mest resort og lite spa på oss, men det var så flott der! Hotellet fekk Award for Design Exellence 2010, og sjølv om eg ikkje er nokon interiørblogger, kan eg sei meg einig i at dette var stilig. Men det stiligste var denne strikkeklokka!
  
 Den hang både i resepsjonen, i lobbyen og i konferanseavdelinga. Sllik ein vil eg gjerne ha i stua mi!








Til fjells kan alt skje, særleg i hausferien. Vår spenstige familie hadde booket kanopadling sundag formiddag...

Det hadde snoa frå tidleg morgon, men sjølv om dei lo av oss då me spurte etter redningsvestane i resepsjonen, var det fint å padle..





 I allefall dei første 10 minutta...













Sjølv snømennene var i labert humør sundag formiddag...




Difor gjekk me heller inn i klatreveggen, her er Skulegutt i ullbukse frå Nøstebarn, noko som kom godt med denne helga.




















Heldigvis nokre fine dagar også, med tur opp i fjellet med formidabel utsikt. Takk for turen!


Og som de skjønar er ikkje dei tidlegare presenterte prosjekta riktig ferdig enno... men no skal eg ut og dampe Marius, så den er klar til å vere med 11-åringen på skulen i morgo. Hurra, snart kjem den her på bloggen og!

tirsdag 4. oktober 2011

Gratulerer til Annemor Sundbø!

Annemor Sundbø, som har utgjeve 12 bøker om mønstre og strikking, som har plukka fram skatt på skatt i sjoddyfabrikken i Torridal, kategorisert og dokumentert arbeidet, får nå årlig statsstipend! Dette er  ein viktig anerkjenning av hennar arbeid gjennom mange år, med dokumentasjon og videreformidling av norske strikketradisjoner, samtidig som det sikkert er en viktig inspirasjon videre.

Ei viktig anerkjenning av all strikking, og all kulturhistorie som det bring med seg!
Sjå nettsiden hennar her . Link til Aftenposten sitt innlegg finn du her. Verd å lese!

Vi heiser flagget og roper hurra for deg!